Vaksinering fører oss tilbake til det normale - vaksinering veke 31

Pixabay  Neste veke får Sande 162 dosar vaksine. Mange har tinga seg vaksine allereie og ein del av desse går også til dose 2.

Vaksine fører oss tilbake til det normale

Regjeringa har utsett opning av Norge trinn 4 inntil vi har fått  opp vaksinet-ala. Vaksinering er einaste vegen ut av strenge tiltak etter sommarferien. Og no vil vi ale ha tilbake det normale - det som vi er vande med. Kunne gjere det vi brukar å gjere - delta på det vi har lyst til og vere i lag slik som før. 

Oppfordringa er difor å takke ja til vaksine når du får tilbodet. Mange i Sande har forstått dette og også tatt kontakt for avtale sjølv. Det er flott!

Mange av dei smitta er ungdomar. Difor er det viktig å formidle kor viktig vaksinering er akkurat til din ungdom!

-Eg oppmodar alle vaksne som er busette i Sande kommune om å vaksinere seg. Til no har Sande kommune gitt 1548 vaksiner til første vaksinedose. Framleis har vi mange innbyggjarar i kommunen som ikkje er vaksinerte. Høg andel vaksinerte er viktig for at vi skal oppnå flokkimmunitet og unngå strenge restriksjonar til hausten. Dersom du er busett i Sande ber vi deg kontakte Sande legesenter eller www.helserespons.no for å avtale tid for vaksine. Sist veke måtte Sande kommune seie frå seg 80 vaksinedosar fordi vi ikkje fekk nok kandidatar til første dose. Høg andel vaksinerte er den beste vegen ut av den pågåande pandemien, seier kommuneoverlege Asta Sileikiene.

Vaksineringsstad

Vaksineringa går føre seg på Sandetun omsorgsenter- kapellet i underetasjen.

Fint om du brukar munnbind når du kjem til vaksinering!

Mika Baumeister Unsplash