Vaksinering held fram veke for veke

 Det kjem nye vaksiner kvar veke, heldigvis.

Status: 

Veke 14 ( denne veka ) er det 66 personar som får vaksine mot korona-virus.

Veke 15 : Personar som er fødde 1946/ 47 kan bli kontakta av Sande legesenter. Då har vi 78 vaksiner tilgjengelege.

Vi er då kome til vaksinering av gruppe 4  i prioriteringsrekkefølgja som er definert på nasjonalt plan. Nokre yngre mellom 18 og 64 år med sjukdommar / tilstandar med høg risiko for alvorlig forløp høyrer også til her.

For veke 16 er det gitt melding om at vi får 66 vaksiner.

 

Du slepp å tinge tid for avtale, det er altså Sande legesenter som kontaktar deg!

Mika Baumeister Unsplash  Vi oppmodar om at du tek på munnbind når du kjem til vaksinering!