Vaksinering i Sande

Når denne veka er omme er det 390 som har fått vaksine i Sande, og 137 er fullvaksinert.

Fint at vi no fram til påske har fått fullvaksinert dei som bur på omsorgssenteret og i omsorgsbustadar – og at alt helsepersonell har fått minst si første vaksine.

AstraZeneca og Pfizer-vaksina

Vi har i to veker fått to ulike vaksiner som skal gå til ulike grupper, og det er viktig å gjere merksam på at det er ulike kriterier.

Vi arbeider etter dei retningslinene som er bestemt sentralt og eigen plan for vaksinering.

Litt utfordringar har vi hatt m.a. med omsyn til at AstraZeneca-vaksina skulle gå til dei under 65 år, men ikkje til enkelte med underliggande sjukdomar.

Desse må då ha klarsignal frå lege om dei kan få  denne vaksina, eller ikkje, det har teke litt tid for oss.

Dette saman med at vi m.a. fekk mange avbod av ulike grunnar gjer at vi kom langt ned i alder på nokre av dei som fekk fyrste vaksine for å få fylt opp gruppene.

Vi tenkjer at dette går seg til i løpet av eit par veker – og at vi då er ajour i forhold til det vi jobber etter.

Det skjer endringar frå sentralt hald heile tida, som vi korrigerer etter, i høve den planen for vaksinering som ligg i botn.

 

Vidare leveransar er uklart

Neste veke får vi kun 36 doser med Pfizer-vaksina, der venter vi på ei avklaring i høve til kva tid vi skal sette dose 2. Om dette intervallet vert lenger vil vi raskare kunne gje første dose til fleire.

Vi forventar leveranse kvar veke- også i påskeveka.

 

Alle vil verte oppringt og får time, og får vite dato for vaksine to når den første er sett.

Det er viktig at ein melder i frå i så god tid som råd, dersom ein ikkje kan møte - så vi til ei kvar tid får sett alle vaksinene.