Vaksinering i Sande

Sande Kommune fekk første veka i januar 12 vaksiner mot korona som vart sett på sjukeheimen. Det gjekk fint. I vekene 2,3 og 4  no i januar, får vi tilsaman sette ca 30 nye vaksiner. Dei går til omsorgssenteret og nokre helsepersonell.

Vi veit ikkje kor mykje vaksine vi får i februar, men mykje tyder på at vi vil kome eit stykke ut i februar før vi kjem til å ta kontakt med heimebuande om vaksinering.

Sande kommune bed om at du ikkje ringer til legekontoret om dette, vi tek kontakt når vi har vaksinen klar.