Vaksinering i veke 19

Klikk for stort bileteVi får færre dosar i veke 19.

Vaksinering i veke 19:

Vi får 66 dosar med Pfizer- vaksine denne veka. Desse går til 43 personar som skal ha dose 2  og  dose 1 til 23 personar i høgrisikogrupper. Nokre personar fødde i 1954 får også tilbod.

12. mai er vaksineringsdag. Alle desse vert kontakta av Sande legesenter.

Vi oppmodar om at du tek på munnbind når du kjem til vaksinering.

AstraZeneca- vaksinerte

Dei som har fått 1.dose med denne vaksina får etter kvart tilbod om Pfizer- vaksine som dose 2. Alle vil få ny tid og blir oppringt av Sande legesenter. Meir informasjon om kva veke denne vaksineringa vil starte kjem når det er avklart.