Vaksinering i veke 25

Klikk for stort bilete Planane for vaksinering i veke 25 er klar. 126 dosar kjem til Sande denne veka.

No startar vaksineringa for personar fødde frå 1957 -1958 -1959- 1960 -1961-1962. Er du fødd  desse årstala  kan du vere blant dei 90 som no får telefon frå Sande legesenter med tilbod om vaksinedose 1. 

I tillegg får 36 personar dose 2 denne veka. 

Bruk gjerne munnbind når du kjem til vaksinering på kapellet på Sandetun omsorgssenter.