Vaksinering - når kan eg få den 3. dosen?

Vaksinering Colourbox  Om nokre få dagar har 420 personar fått 3. dose med koronavaksine.  Desse har fortrinnsvis gått til dei eldste i kommunen, risikogrupper og noko til helsepersonell. 

Etter at FHI gjekk vekk frå automatiske leveransar til kommunene, må kommunene bestille vaksinene sjølve. Bestillingsida er tre veker og vaksinene har kort holdbarheit.

I veke 48 vil vi få ny forsyning. Publikum må følgje med i lokalpressa, på heimesida, facebook eller på SMS om vaksineringsstad  for dose 3. 

Dersom nokon nettopp har bestemt seg for å bli vaksinert og vil ha dose 1, blir dei sjølvsagt prioriterte.

Det er viktig å vere klar over at dei fleste som er innlagt på  sjukehus med Covid -19 er uvaksinerte.