Vaksinering og vaksinering barn 12-15 år

VaksineringMange barn og ungdom mellom 12-15 år har allereie fått vaksine mot Covid 19. 

Denne veka er det pause i vaksineringa. Neste veke held ein fram med å gi dose 2 til vaksne og dose 1 til dei somno er klare for vaksinering.

Her kan du lese meir om vaksinering barn 12-15 år

Det skal og fyllast ut eit samtykkeskjema - signerast av begge føresette.  (PDF, 47 kB)

Ta kontakt med Sande legesenter for å få time til vaksinering - 23. september er datoen for nye ledige timar. 

Informasjon er viktig  

Bruk tid til å samtale om vaksine med barnet ditt og kanskje kan du finne svar på dei spørsmål du har her. Om barnet ditt har litt vanskar med vaksineringssituasjonen er det fint at vi får vite om dette på førehand slik at det kan leggast til rette for at det skal bli ei grei oppleving å få sett vaksina. Dette er svært viktig både for barnet og for den som står for vaksineringa. Med god dialog får ein eit godt resultat.