Vaksinering - oppfriskningsdose - 4.oktober på Breidablik, Larsnes

Pixabay

Regjeringa har bestemt at kommunane kan tilby oppfriskningsdose mot Covid-19 til fleire som ønskjer dette.

Kven skal få oppfriskingsdose?

Alle over 65 år er tilrådd å ta ei oppfriskningsdose. I tillegg kan følgjande grupper no få tilbod :

  • Personar frå 18-64 år med risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Oppfriskningsdose til ungdom mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Oppfriskningsdose til gravide i 2. og 3. trimester ( frå 4.-9. mnd )

Dersom du tilhøyrer ei av desse risikogruppene, tilrår vi at du les Informasjonsbrev nr 51 frå FHI.

I nyheitsbrevet her står det meir detaljar om kva som gjeld særskild for den gruppa du høyrer til.

FHI skriv i nyheitsbrevet at dei som blei prioritert på grunn av underliggande medisinsk risiko ved første vaksinedose, også er dei som vert anbefalt oppfriskningsvaksine no.

-Ta med evt skriv frå lege eller reseptar som gir oss opplysning om den risikogruppa du høyrer til.

Dette er også nytt i råda om vaksinasjon 

  • Det bør gå 3-4 månadar frå tilfriskning etter koronainfeksjon til oppfriskningsdose (ny forsking viser betre effekt av vaksinen då)
  • Det bør vere minst 4 månadar frå førre vaksinedose til ny

Når kan du få ny vaksine?

Neste vaksinasjonsdag vert tysdag 4.oktober på Breidablik, Larsnes.

  • Frå klokka 11.00 - 12.30 : 75 år og eldre
  • Frå klokka 13.00 - 16.00 :  65 år og eldre,  i tillegg til risikogruppene

Som vi har varsla  tidlegare har vi den oppdaterte Pfizer vaksina tilgjengeleg no på neste vaksinasjonsdag, 4 oktober. Dette er framleis Pfizer sin vaksine, men i tillegg til beskyttelse mot det opphavelege koronaviruset gir den også beskyttelse mot smitte av omikronvarianten BA.1. Den oppdaterte Pfizer-vaksina,  skal kun brukast til oppfriskningsvaksinering ( dose 3 og 4 ).

Ved grunnvaksinering (dose 1 og 2 ) skal ein fortsatt ha den originale vaksina.

Set av datoen 4.oktober - vel møtt til vaksinering!