Vaksinering veke 20 og kva med dei som har fått Astra?

 Dersom du fekk AstraZeneca -vaksine  som dose 1 får du Pfizer- vaksine som dose 2.

Du blir innkalla av Sande legesenter til vaksinering enten 26.mai eller 2.juni.

I veke 20

får Sande kommune 66 vaksiner som blir gitt til eldre som skal ha dose 2 og til personar fødde i 1955 som skal ha dose 1. 

Alle får ein telefon frå Sande legesenter for avtale. Det er fint viss du tek på deg munnbind når du kjem til vaksinering. Vaksineringa går føre seg på Sandetun, kapellet i kjellaretasjen. 

Her finn du eigenerklæringsskjema som du skal fylle ut når du møter.