Vaksinering veke 28

Klikk for stort bilete Pixabay  Det er ikkje stor leveranse av vaksine denne veka - 66 doser kjem til Sande.

Dei fleste dosene går til dei som skal ha dose nummer 2. 

-Vi er enno ikkje ferdig å tilby vaksine til gruppe 9 ( 1967- 1976), opplyser Sande legesenter. Stort sett skal alle som er fødde før 1970, ha fått innkalling. Vi opplever at ein del innbyggarar ikkje svarar når dei blir oppringt. Er det oppringing frå 70026750 eller 70026752 bør du ringe tilbake -  då kan det vere at vi ville kalle inn akkurat deg til vaksinering! Ring oss tilbake!

Når du kjem til vaksinering vil du oppleve at både dei som er eldre og yngre enn deg sit og ventar på vaksina saman med deg. Dette har samanheng med at det er fleire grupper som blir prioriterte no. Sjøfolk og tilsette i barnehage, sfo og skule er slike grupper. Og kanskje sit der ein 17-åring som har astma og av den grunn skal ha vaksine før 40-åringen. Ferievikarar i pleie og omsorg har også fått dose 1 og kanskje også dose 2 no i juni/ juli. 

Så slik heng det saman. Alle får vi etterkvart tilbod om vaksine - hugs å ta telefonen når Sande legesenter ringer deg!

 

Vaksineringa går føre seg på Sandetun omsorgssenter - kapellet i underetasjen. 

Ta gjerne på deg munnbind når du kjem til vaksinering. 

Klikk for stort bilete Mika Baumeister Unsplash