Vaksinering veke 30

Pixabay  Du må svare på telefonar som kjem frå Sande legesenter. Kanskje gjeld det vaksinering.

Sande legesenter opplever at spesielt den yngre garde ikkje svarar når dei ringer for å tilby vaksinering. Det kan vere at ein ikkje har rett telefonnummer .

Du blir difor oppmoda om å ta kontakt med legesenteret helst  via Helserespons eller på telefon 70026750  viss ein vil ha vaksine.

VI får 348 dosar med vaksine denne veka. Vi vil ha nok til alle som er busette i Sande og melder seg.

Det er likevel slik at det er 12 veker mellom dose 1 og 2, og avtalt tidspunkt for dose 2 står.

Ein har no kome gjennom listene til alle prioriteringsgruppene- men mange svarar desverre ikkje. Difor oppmodar ein om at folk sjølve må ta kontakt.