Vaksinering veke 32 og 33

Pixabay  Neste veke - veke 32  -   skal vi sette 96 doser med koronavaksine. Nokre får dose1 og nokre får dose 2.

Veke  33  får vi 144 doser. Dei dei går stort sett til dose 2. Etter tilrådingar frå FHI kjem vi til å framskunde dose 2 vaksiner. Vi håper at folk no er tilgjengelege og svarar på telefon frå legesenteret. Det er dei som har fått dose 1 mellom 24/6  - 15/8 vi prøver å framskunde no.

Dersom nokon har ombestemt seg og likevel ønsker dose 1 må dei berre ta kontakt med Sande legesenter- tlf 70026750.

Vaksinestad er kapellet ved Sandetun omsorgssenter- underetasjen .

Ta gjerne på munnbind når du kjem til vaksinering.