Vaksineringa held fram

Veke 14 vart det sett 66 vaksiner i alders gruppa født i 1944 – 1946.

Veke 15 - denne veka -  blir det sett 78 vaksiner i aldersgruppa født i 1946 – 1948.

Planar vidare

Veke 16  blir det sett 66 vaksiner i aldersgruppa født i 1949 – 1950 + nokre få yngre som er i risikogrupper. Desse er prioritert av lege her eller på sjukehuset.

Vi held no altså på med vaksinering i prioriterings gruppe 4 etter FHI sine oppsette prioriteringsgrupper.

I veke 17 skal det settast 36 stk Pfizer dose 2, og vi har fått melding om at vi tilsaman skal få 90 dosar denne veka.

Då vil vi kunne gi dose1 til 66 nye personar. Dette vil bli gitt til personar fødde i 1951.

 

Sande legesenter ringer deg

Det er framleis slik at  du slepp å tinge deg time. Sande legesenter ringer deg for å gi deg ein avtale. 

Vi oppmodar om at du bruker munnbind når du kjem til vaksinering. Mika Baumeister Unsplash