Vaksineringa kan kome i gong over nyttår - Sande kommune kontaktar deg

Klikk for stort bileteVaksine Pixabay Sande kommune førebur massevaksinering mot korona, sjølv om det er usikkert kor mange vaksiner som kjem og når dei er på plass. Vaksina er gratis og frivilleg. Du er difor ikkje pålagt å vaksinere deg, men vi anbefaler at du gjer det.

Prioritering

Sande kommune fyl prioriteringa som regjeringa har lagt opp til.

 

Prioriteringsrekkefølge:

1

Beboere i sykehjem

2

Alder 85 år og eldre

3

Alder 75–84 år

4

Alder 65–74 år

Enkelte personer med høy risiko 18–64 år

5

Alder 55–64 år med underliggende sykdom/ tilstand

6

Alder 45–54 år med underliggende sykdom/ tilstand

7

Alder 18–44 år med underliggende sykdom/tilstand

8

Alder 55–64 år

9

Alder 45–54 år

Prioriteringsrekkefølga kan bli endra.

 

Kort varsel 

Koronavaksina skal transporterast og lagrast ved minus 70 grader. Når vaksinen kjem til Sande, skal den oppbevarast ved 2-8 grader, og den har kort haldbarheit etter opptining. Difor må du førebu deg på kort frist frå du får tilbudet om vaksine til den første vaksina skal settast.


Når er det er din tur? 

Når kommunen får stadfesta at vaksinene er på veg, set vi av datoar og bestemmer kven det er sin tur ut frå prioriteringsrekkefølga. 

Det er først dei som bur på sjukeheimen, omsorgsbustad og dei eldre over 85 år som skal vaksinerast. Så kjem dei som er i aldersgruppa mellom 75 og 85 år. Du slepp å bestille time.

Sande kommune vil kontakte deg og gjere avtale med deg om tid og stad. Du skal IKKJE ringe for å gjere avtalar sjølv.

Dersom vi er heldige og får nok vaksiner er desse gruppene vaksinerte innan januar.

Nye grupper vil deretter få informasjon og tilbod om vaksinering. 

 

To datoar og to vaksiner

Du blir tildelt to datoar fordi du skal ta to dosar. Vaksine nummer to skal takast  minimun 21 dagar etter den første. Det er svært viktig at du tek begge dosane, og at du møter opp på dei datoane du får tildelt slik at det blir rett tidsintervall mellom dosane. 

Bebuarar på sjukeheimen og i omsorgsbustadar får vaksina der dei bur. Vi andre ventar på telefon frå Sande kommune for å få ein avtale!

Vaksineringsoppstart og status

Sande kommune vil informere om når vi er i gong med vaksineringsarbeidet over nyttår og halde innbyggarane informerte om status og framdrift på arbeidet. 

 

Mer om koronavaksinen på fhi.no
Sjå film frå Statens legemiddelverk om korleis koronavaksiner blir godkjent