Valdagen nærmar seg

Klikk for stort bilete

 Du kan førehandsrøyste og røyste heimanfrå heile denne veka. 

Valdagen er 9.september - gi stemma di ved oppvekstsentera

Den 9.september er den ordinære valdagen for Kommunestyre- og Fylkestingsval. 

Alle oppvekstsentera har då tilgjengelege vallokale og du kan kome og gi di stemme frå kl 12-19. 

 

Stemme heimanfrå? 

Har du problem med å kome deg til vallokala kan du avtale å få gi di stemme heimanfrå.

Valstyret vil syte for at nokon kjem heim og gjennomfører stemmemottak heime hos deg. 

Frist for å gi oss melding om at du vil stemme heimanfrå er ONSDAG 4.september. Ta kontakt på telefon 70026700 eller på postmottak@sande-mr.kommune.no.

Valresultat

Det er spennande med val - valresultatet i Sande kommune skal vere klart 10.september kl  17.30.

Resultatet vert offentleggjort her på sida.