Varsel om ekstremveret Gyda - ekstremt mykje regn er venta

Varsel om ekstremveret Gyda - ekstremt mykje regn er venta

 Det er venta veldig mykje regn dei to neste dagane -  onsdag 12. januar og torsdag 13. januar. Enkelte stader kan det kome opp mot 200 millimeter. Snøsmelting vil føre til ytterlegare vatn i bekkar og elvar.

Den store vassmengda vil kunne føre til jord-, sørpe og flomskred.

Les meir om varsla her:

Flaumvarsel på varsom.no

Jordskredvarsel på varsom.no

Begge farevarsla har raud kode. Det betyr at dette er ei hending som kan få alvorlege konsekvensar og som skjer sjeldan.

Varsla gjeld store delar av Vestlandet og Midt-Norge.

Kva kan du gjere?

Hald deg oppdatert på situasjonen.  Rens stikkrenner, kummer og andre vassvegar for snø/is, jord/grus, kvist/lauv og andre hindringar. Tette vassvegar kan føre til vatn på gale vegar og skred.

Sikre lause gjenstandar ute, sjekk fortøyningar, fjern evt verdifulle gjenstandar som står der det kan bli utsett for inntrenging av vatn.