Varsel om oppstart av områderegulering for Larsnes sentrum

Varsel om oppstart av områderegulering for Larsnes sentrum

Larsnes sentrum skal områderegulerast. Den nye planen skal legge til rette for framtidig utvikling, og DU kan vere med å gi dine innspel til denne utviklingsprosessen.

Bakgrunn:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av områderegulering av Larsnes sentrum i Sande kommune. Planen skal leggje til rette for framtidig utvikling av kommunesenteret.

Planen skal utarbeidast som ei områderegulering i samsvar med plan- og bygningslova § 12-2. Tiltakshavar og planmyndigheit er Sande kommune medan Norconsult AS er planrådgjevar. Kommunen har vurdert at planen er i samsvar med overordna plan og ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

 

Planområdet

Planområdet si avgrensing ser du på kartet og omfattar området frå Ørbechalsen i sør til Skitnevika i nord. I vest er planen avgrensa i sjø, mot aust er planavgrensinga i Prestegardsvegen fram til Hauemarkja barnehage. Derifrå og nordover har ein også med område på austsida av vegen. Skuleområdet og tilliggande areal er også inkludert i planområdet.

Medverknad og planprosess

Det vert på fleire måtar lagt til rette for medverknad i planprosessen. Varsel om oppstart er ei første orientering om at ein set i gong eit planarbeid. Grunneigarar, myndigheiter og andre interesser har no høve til å gi skriftlege merknadar med opplysningar om lokale forhold ein må ta omsyn til eller synspunkt på framtidig arealbruk. Denne informasjonen vil vere nyttige innspel til kva ein må ivareta i det vidare planarbeidet.

Myndigheiter vert også bedt om å kome med innspel i denne fasen. Det er særleg viktig å få innspel om potensielle konflikter og forhold som må vurderast særleg i samband med planarbeidet, samt ev. krav til undersøkingar og analyser.

Kommunen ser det som viktig at alle innbyggarane får kome med sine innspel. Lokal forankring og ein plan som er utforma på bakgrunn av innbyggjarar og politikarar sine innspel vil ha ein mykje større verdi enn om den vert utarbeidd basert utelukkande på faglege vurderingar.

Folkemøte

I samband med oppstart vert det halde folkemøte på

Landsbyhuset Breidablik onsdag 20.mars kl 18.00

Folkemøtet vil legge til rette for inspirasjon med gode døme på sentrumsutvikling, informasjon om planprosess, dialog om mål, utfordringar og løysingar. Norconsult vil legge fram nokre enkle forslag til plangrep, som grunnlag for vidare diskusjon om planløysingar.

Det vert eige barnebord der ungane kan teikne sine ønsker for eit framtidig Larsnes sentrum, så kom store og små!

Innspel gitt i folkemøtet og skriftelege merknadar vil bli vurdert og brukt i det vidare planarbeidet. Det vil ikkje bli sendt brev med svar til merknadar, men desse vert referert og kommentert i planomtalen som seinare vert lagt ut til offentleg ettersyn. Alle merknader vil følgje planen som vedlegg ved politisk handsaming.

På folkemøtet vert det variasjon, inspirasjon, informasjon og diskusjon. Kom og sei di meining!

Frist for innspel :   29.03.2019

 

Når det er laga eit utkast til områderegulering vil denne bli lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker, og det vert halde eit nytt folkemøte. Offentleg ettersyn vil bli annonsert og grunneigarar samt aktuelle myndigheiter vil bli varsla pr brev. I høve offentleg ettersyn ligg planen ute i parpirformat på rådhuset samt elektronisk på kommunen si heimeside. Det vil då vere moglegheit for å sjå på detaljane i planen og kome med meir konkrete innspel.

 

Korleis melder eg inn innspel?

Du kan sende oss melding på fleire måtar: 

Du kan bruke post og sende til

Sande kommune

Rønnebergplassen 17

6084 Larsnes

Du kan også sende innspel på epost eller ved å legge inn høyringssvar rett i saka. 

Gi ditt høyringssvar her.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70