Varsling 24

Varsling 24

Sande kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling 24 for å varsle innbyggarane i eit definert område når spesielle ting skjer og ein ønsker å vere raskt ute med  informasjon. 

Varsling 24 varslar via SMS, e-post og talemeldingar til fast telefon.

Når blir systemet brukt?

Sande kommune informerer no innbyggarane sine digitalt ved hendingar der dette er hensiktsmessig. Det kan vere ved problem med vatn, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

Det blir nytta tre ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

  1. Privatpersonar:
    Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Difi. Vi råder deg til å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendelsar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjon herifra, for eksempel når det gjeld skattemeldinga.
    Du kan oppdatere informasjon her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 
     
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av bedrifter blir bedrifta si oppføring av informasjon i   Enhetsregisteret brukt. Kontaktdata for bedrifter blir henta fra Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining  hos Brønnøysundregistrene: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/
     
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nytte dersom du ønsker å motta varsler for en bedrift eller for en adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå https://varslemeg.no/

Har du ikkje fått varsling?


1) Er du folkeregistrert på di adresse? https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Kva kan du gjere?

Oppdater opplysningane dine  og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein  annan  stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere telefonnummer ditt på di adresse i vårt Tilleggsregister. Husk å endre dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir nytta kun av kommunen din.

Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her: https://www.varslemeg.no
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

 

Sårbare bedrifter/ einingar:


Vårt Tilleggsregister knyter kontaktpersonar til bedrifter/ einingar med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS blir sendt frå kommunen.

Sårbare einingar er bedrifter som er avhengige av vatn for å drive si virksomheit.
Eksempel:
            Sjukehus og medisinske sentre
            Alders- og sykeheimar
            Lege og tannlegar
            Barnehagar og skular
            Næringsmiddelprodusentar
            Restaurantar og kafear

Registrer di virksomheit i kommunens Tilleggsregister: https://www.varslemeg.no/
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift)

 

Les meir her om ofte stilte spørsmål og svar