Vårteljing av hjort

Vårteljing av hjort

Pixabay  Som tidlegare år har det vore to teljingar av hjort i vår slik det er vanleg i kommunene på søre Sunnmøre.

Siste teljedag 02.05.2020 vart det  registrert 250 hjort i Sande kommune. Generelt kan ein seie at det har vore ei auke i talet på observerte dyr. 

Her er statistikk for heile Søre Sunnmøre. (PDF, 524 kB)

Kommunen sin forvaltningsplan for hjort er moden for rullering. Her er ein del endringar i bestand og belastningar som vil kunne ha innverknad på ein ny plan, og dermed lokal forvaltning. Dette arbeidet bør ein starte med slik at planen kan vere klar til neste års tildelingar,  vert det opplyst frå Landbrukskontoret.

Det er planlagt ei meir utfyllande orientering om viltforvaltninga i kommunen i komande møte i NTM-utvalet.