Vassforsyning og kaldt ver

Vassforsyning og kaldt ver

 Kommunen opplever no auka forbruk på vassverka. Ein del frost- tapping vil vere naturleg ved så lave temperaturer. Likevel må vi oppmode om at det er nok med ein veldig liten vass stråle eller hyppig drypping for dei som er engsteleg for at stikkleidningar skal fryse.

I kveld - 9.februar - opplever vi auka vassmengde frå Brekkane mot Haugsbygda og Brekkane mot øvre Knotten.Vi  oppmoder alle om å sjekke bygg med vassverktilkobling som ikkje har regelmessig tilsyn. Kan vere hytte, rorbu, naust, løder etc. Spesielt gjeld dette også når mildværet set inn og sannsynlegheita for frostsprenging er stor.

Teknisk vakt