Vasslaust i Gursken

Vasslaust i Gursken

I dag tidleg, tysdag 30.april, kl 08.15, har vi fått melding om at det er vasslaust i Gursken.

kl 8.15:Teknisk vakt har akkurat fått melding om at det er vasslaust i Gursken. Dette gjeld nok etterkvart alle husstandane som er knytta til vassverket. 

Årsaka er ikkje kjend. Folk frå etaten er i full sving med å finne årsaka. Meir informasjon vil kome etter kvart. 

kl 09.30: Ny oppdatering 

Problemet er no lokalisert og dei fleste husstandane vil få igjen vatnet snart. Dei som bur i området rundt Haugsbygda hamn blir utan vatn til teknisk etat har fått ordna problemet. 

Det er desverre slik at nokre kan rekne med å få noko misfarga vatn no i starten. Ein får bruke hageslangen og få ut det meste av dette før ein set på vaskemakina.

God dag vidare!