Vasslekkasje på Hakallestranda

Vasslekkasje på Hakallestranda

Oppdatering kl 15.00 

Vassledningsbrotet på Hakallestranda er no utbetra, og vi håpar og trur at ei normal vassforsyning skal vere oppe igjen i løpet av eit par timar. Våre høgdebasseng har vorte noko nedtappa gjennom dagen, så oppmodinga om å vass-sparing står ved lag over natta.

 

Vi beklagar dei ulempene dagens vasslekkasje har ført med seg for våre abonnentar.

kl 12.00 

Det har kome melding om ei mindre vasslekkasje på Hakallestranda, og vi har starta opp arbeidet med å utbetre denne.Vi må stenge av vassforsyninga på Hakallestranda i samband med arbeidet. Våre høgdebasseng på Kvamsøy, Sandsøy og Larsnes vil holde opp vassforsyninga utover dagen/ettermiddagen, så vi håpar at arbeidet skal kunne utførast utan for store ulemper. Vi oppfordrer likevel alle til å spare på vatnet utover dagen/ettermiddagen.