Vedtak i skulesaka i Sande

Vedtak i skulesaka i Sande

Sande kommunestyre vedtok på møtet 30.10.18 nokre endringar i skulestrukturen.

Med 11 mot 10 røyster vedtok kommunestyret å slå saman Sandsøy og Kvamsøy oppvekstsenter til ei eining under felles leiing.

5.klassingar frå Gjerdsvika skal  overførast til Gursken oppvekstsenter. Gjerdsvika oppvekstsenter skal ev leggast under Gursken oppvekstsenter. 

Desse endringane skal gjelde frå hausten 2019. Ordninga skal evaluerast i 2020.

Vedtaket vart gjort etter framlegg frå Sande Høgre og Sande Vest. 

Mindretalet gjekk inn for å endre skulestrukturen ved å legge ned Gjerdsvika krins og overføre elevane til Gursken og å oppretthalde Sandsøyskulen til 2020.

Sande AP , Sande Frp , Sande Sp og Sande Venstre stod bak dette forslaget. 

 

Her finn du heile protokollen frå møtet 30.10.18