Vegarbeid på strekninga Fv 61 - bensinstasjonen og mot grasbana på Myklebustmyrane

Vegarbeid på strekninga Fv 61 - bensinstasjonen og mot grasbana på Myklebustmyrane

Møre og Romsdal fylkeskommune skal forsterke og ruste opp eit parti av fv 5864, frå bensinstasjonen ved krysset frå fv 61 mot Almestad og til fotballbana. 

Opprustinga er ein del av den fylkeskommunale tiltakspakka knytt til korona. 

Vegstrekninga skal få oppgradert drenering og dårleg masse blir skifta ut. Til slutt blir det lagt asfalt. Dette arbeidet startar opp no og vil vare til starten av juni. Denne strekninga vil då bli stengt og det er omkøyring  via Gurskebotn.

Det blir også grøfte- og kantrens på strekninga mellom Almestad og Myklebust. Det kan til tider føre til at trafikantar må vente kort tid, men vegen mellom fotballbana og Myklebust  blir ikkje stengt i samband med desse arbeida.

Omkøyringsrute merka raudt - vegarbeid merka grønt.