Vellukka budsjettkonferanse på Kvamsøy

Klikk for stort bileteAlvhild Våge og Christina Beitveit Camilla A Vik   Politikarar og administrasjonen valde Høgtun på Kvamsøy som sin arena for årets budsjettkonferanse.

Dagen starta innleiingsvis med nokre velvalde ord frå ordføraren før kommunedirektøren saman med stab/økonomisjef presenterte statsbudsjettet, kommunen sin økonomiske situasjon no og for åra framover. Dei to største sektorane Helse og omsorg og Oppvekst og kultur fekk kvar sin bolk der sektorsjefane presenterte struktur, historikk og naturlegvis økonomisk status på dei forskjellige einingane i kvar sektor.

Deltakarane på budsjettkonferansen var utvalsleiarar, tillitsvalde og einingsleiarar, som saman med politiske representantar arbeidde i samansette grupper der kommunedirektøren utfordra deltakarane på ein del store spørsmål om Sande kommune si framtid. Kor skal vi, på kva måte, og korleis kjem kommunen vår seg dit?

Det store høgdepunktet for dagen var utvilsomt då våre friske pust frå Ungdomsrådet fekk ordet og representantane Christina Beitveit og Alvhild Våge tok salen med storm. Ungdommane var klokkeklare i si tale. Dei ønsker seg betre samhandling mellom bygdene våre og dei meiner det er for seint å bli kjent med sine jamnaldrande sandsokningar i konfirmasjonsalderen..

Ungdommane manglar ein skikkelig arena der ungdom frå Sande kan møtast og dei retter stor kritikk mot samferdseltilboda for ungdom i Sande. Dei kunne fortelle om fleire timar lang reiseveg og eit busstilbod som ikkje korresponderar med ferjene. Tilhøyrarane fekk ein grundig og informativ presentasjon frå ungdommane som hausta dagens første applaus. Vel fortent!

Avslutningsvis gjekk teknisk sjef gjennom investeringsbudsjettet og deltakarane kom med innspel til prioritering i grupparbeidet på ettermiddag,.

Ei vel gjennomført og god konferanse, som vi vonar kan legge grunnlag for godt budsjettarbeid for Sande kommune i 2021.

Klikk for stort bileteBudsjettkoferanse 2020 Sande kommune