Vellukka øving

Vellukka øving

Olav i korga Sande kommune  Sande brann og redning gjennomførte i går øving med tema overflateredning. Dette var siste øvinga før sommarferien, og vi hadde samordna øving med Ambu og helsepersonell.

Ambu Sande kommune  Scenario var båt på grunn i stor fart på skjeret Kroppen utanfor Vikane ved Larsnes.
Ein person flytande i sjøen og to personar oppe på skjeret. Ambu rykte ut frå Larsnes med brann/redning og helsepersonell. Personen i sjøen vart redda opp ved hjelp av redningskorg som er montert på Ambu, medan dei to på skjeret måtte hentast ved hjelp av overflatedykkarar med redningsflåte.

Alt i alt så gjekk det fint å få alle tre personane om bord i Ambu, og få frakta dei inn til kai på Larsnes.

Overbefal i Sande var stasjonert i Grønnevika med god utsikt til ulukkesstaden.

Inne i hamnebassenget gjorde overflatedykkarane eit sektorsøk, noko som er aktuelt i slike område der det vert bada eller det føregår andre aktivitetar.

 

 

Asle , Endre og Marthe Sande kommune  Ei heilheitleg øving som dette er viktig å gjennomføre, både for å verte trygg på korleis ein bruker utstyret og for å øve på god samhandling.  

 

 

 

 

Grillavslutning Sande kommune  Etter "strabasane" vart øvinga avslutta med grilling. Godt å vite at mannskapet vårt har fått ei god treningsykt på slikt viktig arbeid!