Vellukka PLIVO-øving i Sande

Vellukka PLIVO-øving i Sande

Alle deltakarane

Med bakgrunn i hending 22.juli 2011 er dette eit landsmfattande opplegg der ein øver på alvorlege hendingar.

Samhandling mellom etatane er det som er fokus i denne øvinga.

Det var politiet som leia øvinga.

Sande brannvern, ved Ronny Prozenko og Atle Beitveit, hadde ansvaret for å tilrettelegge for at øvinga kunne gjennomførast.

I tillegg til å øve på innrykk i slike situasjonar var skyte- og knivdrama scenario på Gursken oppvekstsenter denne kvelden. Det var ei periode mykje lyd og action i området - men heldigvis var dette ei øving!

Sande brannvern gir særleg ros til eit entusiastisk mannskap i helsesektoren som samarbeida godt med alle ledd. 

Politiet og brannvesenet gjorde også ein god innsats. Men utan markørar frå lokalmiljøet hadde ikkje dette kunne gjennomførast. Stor takk til dei!  Rektor ved Gursken oppvekstsenter var til stades under øvinga og sytte for at alle aktørar  fekk både kaffi og ein prat! 

Leiinga i Sande kommune var observatørar.

Den vellukka øvinga vart avslutta med is frå Joker Larsnes!