Ventar du etteroppgjer for langtidsopphald på omsorgssenter?

Ventar du etteroppgjer for langtidsopphald på omsorgssenter?

 

I desse dagar jobbar vi med etteroppgjer for alle bebuarar som hadde langtidsopphald i institusjon i 2018. Dei dette gjeld vil om kort tid få tilsendt eit vedtak om for lite eller for mykje innbetalt vederlag.

Beløpet som blir trekt inn kvar månad er basert på årets nettoinntekt ( inntekt minus skatt og gjeldsrenter). Dette beløpet er rekna utifrå forventa inntekt og blir stipulert til det ein trur vil vere riktig vederlag på bakgrunn av bebuar sin økonomi. Det er først når likninga frå året før er klart at ein kan få den rette nettoinntekta. Det kan skje endringar i til dømes pensjon, renteinntekter, utilikna skatt m.m. i løpet av året. 

For at vederlaget skal bli rett berekna, er er kontrollberekning med eit etteroppgjer nødvendig. 

Når nokon får langtidsplass i institusjon, blir et sent ut ei orientering ilag med vedtaket , slik at bebuar/pårørande skal vere orientert om etteroppgjeret. 

Ved dødsfall blir det også sendt ut ei orientering om dette til dødsbuet. Der blir ein gjort merksam på at ein kan be om ei førehandslikning eller vente til likninga frå året før er ferdig. Når nokon døyr tidleg i kalenderåret, kan det ta over eit år for etteroppgjeret er klart.