Ventar du svar på korona-test?

Ventar du svar på korona-test?

CDC, Alissa Eckert Har du teke korona-test og lurer på kva resultatet vart?

Om testen viser at du er smitta av viruset, vil du bli kontakta på telefon av legesenteret. 

Kan eg finne svar på prøva sjølv? 

Ja, det kan du.

Les om korleis du kan finne resultat av testen på helsenorge.no

Her står det korleis du får svar og kven som blir kontakta av lege. 

Om du orienterer deg på denne sida, slepp legesenteret å bruke tid på å svare på spørsmål om prøveresultat.