Ver med på å forme ny klima- og energiplan 2020 - 2030

Ver med på å forme ny klima- og energiplan 2020 - 2030

Klimakonferanse i Sande Sande kommune Sande kommune minner om at vi gjerne vil ha dine synspunkt på kva du meiner er viktig å få realisert i vårt område, for å oppnå reduksjon av klimagassutsleppa. 

Kanskje eit vanskeleg tema, men viktig både for deg og dine etterkomarar.

Ved å klikke på lenka under kan du svare på nokre spørsmål og samtidig kome med forslag til tiltak som kommunen bør satse på. På denne måten er du med og formar klima- og energiplanen i kommunen. Det er viktig at alle er med på klimadugnaden om Norge skal nå dei mål som er sett. Frist for å svare er frå no og fram til ferien - medio juli.

Svara vil bli analysert og systematisert før resultatet blir publisert i august. Takk for at du bryr deg!

Det er Sunnmøre Regionråd IKS som står bak undersøkinga.

Be gjerne alle i familien om å svare på spørsmåla og ver med å forme både nærmiljø og forholda på jorda.

Alle kan vi gjere litt - saman! 

Her finn du spørsmåla vi vil du skal svare på