Verdig markering av 8.mai- frigjerings- og veterandagen !

Verdig markering av 8.mai- frigjerings- og veterandagen !

  I år vart det ei fin markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai. Markeringa vart gjennomført med ein tur til Kåken  - Freystasjonen i Oksavika. Statsforvaltar Rigmor Brøste  saman med representanar frå heimevernet,  formannskap, ordførar, kommunedirektør, Oksavik-folket og presse tok  turen til Frey II stasjonen  denne dagen. Her orienterte Kåre Oksavik om kva som gjekk føre seg under krigen. 

8. mai feirar vi fridomen vi har i Norge og dei som har gjort ein ekstra innsats for den -  både under andre verdskrig, men også i andre operasjonar sidan. 100 000 personar har vore i teneste internasjonalt sidan 2.verdskrig tok slutt. 

Det er viktig at vi set pris på det som vart gjort for å få fred i  Norge og det som har vore gjort av nordmenn internasjonalt for å dempe konflikter og hindre krig.

Samling ved saga

Etter turen til Kåken var det samling ved saga i Oksavika der både statsforvaltar Rigmor Brøste og ordførarane i Sande og Hareid delte ut blomar og heidersord  for det Kåre Oksavik og søskenbarnet Kjartan Oksavik hadde vore med på under krigen. Også forsvaret og  andre sivile fekk takk for innsatsen som vart lagt ned for at Norge skulle bli eit fritt land.

I 2015 fekk Oksavik-syskenbarna krigsminnemedaljen for innsatsen. 

Kåre og Kjartan var tenåringar under krigen og gav uvurderleg hjelp til brørne Ole og Tore Snefjellå, som bemanna observasjonsposten på Frey-stasjonen. Dei følgde med på og rapporterte all skipstrafikk på fjorden til dei allierte. 

Du kan lese meir om dette i Høgt spel i Oksavika - boka til Bjarne Rabben.

Kåre Oksavik Kåre kvitterte med fleire historier frå krigens dagar -  interessant for oss frammøtte. Grunna korona-situasjon var ikkje arrangementet annonsert.

Det vart ei fin markering av dagen med hjelp av Larsnes sogelag som serverte mat og kaffi og med hjelp av musikantar  frå Varden hornmusikk og sjølvsagt også Oksavik-folket!

 

Bodskapen etter dagens feiring og markering er :

Vi må aldri gløyme! 

Vi må kvar dag arbeide for fred og for demokrati! 

Gratulerer med dagen!

 

 

 

​​