Verdsdagen for psykisk helse markert med ungdomssamling 27.november i Sande

Verdsdagen for psykisk helse markert med ungdomssamling 27.november i Sande

I høve verdsdagen for psykisk helse, som eigentleg skal markerast i oktober, inviterte Sande helsestasjon ved skulehelsetenesta, saman med ungdomsarbeidar og Sande Frivilligsentral 7.-10. klasse i Sande kommune til ein ettermiddag med tema psykisk helse.

Psykisk helse

Psykisk helse er svært viktig å snakke om og elevane er godt vande til å snakke om å ta vare på kvarandre. Tema denne dagen var å ta vare på seg sjølv. Korleis ein kan ta vare på seg sjølv, kvifor det er lurt og korleis ein vert med dei rundt seg når ein gjer det. Vi snakka også om kvifor ein treng negative kjensler også. Ungdommen hadde svært fine refleksjoner rundt dette. Som til dømes at ein må ha det bra sjølv for å kunne hjelpe andre, at viss ein aldri har negative kjensler veit ein heller ikkje når ein har det bra , fortel helsesjukepleiar og jordmor Sara F Wiik som var ein av arrangørane denne dagen
 

Takk til 

Då ungdommane kom med buss, ferge - og gåande,  fekk dei pølse med brød gitt av Coop butikkane i Sande og Joker Gursken.

Vi hadde kinotid med popcorn og julebrus der vi såg «Ingenting og le av». Og avslutta dagen med utlodding av premiar.

I tillegg til butikkane må vi også takke dei som hjalp til, Larsnes helselag, Larsnes Mek, AS, Rosenlund hamn, Kvamsøy helselag og Rune Slettestøl AS.