Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse


 

 Sande helsestasjon og Larsnes oppvekstsenter markerte verdsdagen for psykisk helse som er på søndag. 

Helsesjukepleiarane Sara Fugledal Wiik og Birgitte Sundgot Førre frå Sande helsestasjon besøkte 5.-7. klasse ved Larsnes oppvekstsenter i samband med markeringa av denne dagen.

Tema i år på verdsdagen er psykisk helse under ein pandemi.  Dette hadde også fokus i samlinga med elevane på skulen. I tillegg fokuserte ein på det å vere ein god ven. Elevane var aktivt med i gode diskusjonar rundt temaet - og var ein triveleg og  fin gjeng å snakke med, seier dei to blide helsesjukepleiarane. 

Ja, du kjem langt med eit smil. Det kan bety mykje for den du møter.  Og så kostar det ingen ting- berre at du bryr deg! Kanskje blir du i betre humør sjølv også!

Les meir om verdsdagen for psykisk helse her