Vi minner om bandtvang

Pixabay  I perioden 1. april til 20. august er det bandtvang for alle hundar.

Regelen har som hovudmål å hindre jaging og eventuell skade på husdyr eller vilt. I kommunen er det store områder med dyr på beite, og særleg lam er utsett for fare om hundar går lause. Likeeins er hjortekalvar sårbare denne tida. Elles i året har hundeeigar ansvar for å halde kontroll på hunden sin for å unngå uheldige hendingar. Detaljar finn du i hundelova.