Vi runda 100 000 kroner på TV-aksjonsdagen

Vi runda 100 000 kroner på TV-aksjonsdagen

106 526 kroner vart resultatet for Sande kommune etter TV-aksjonen søndag 22.oktober.

Tv-aksjonen 2023

I år gjekk innsamlinga til Redd Barna sitt arbeid for barn som opplever krig.  Takk for alle bidraga som har kome inn.

I år var det ikkje sett opp bøsseberarar  rundt om på bygdene. På laurdag sto det nokre bøsseberarar ved kolonialbutikkane i bygdene. Elles håpa ein at innbyggarane ga til aksjonen via digitale løysingar.

Larsnes oppvekstsenter og Gursken oppvekstsenter har samla inn over 26 000 kroner på sine tiltak  - imponerande!

Om du enno ikkje har fått gitt ditt bidrag til aksjonen kan du sjølvsagt gjere det no også.

Bruk:

 VIPPS til 2133 

SMS  med kodeord TVA til 2133  

eller bruk  TV-aksjonskonto 8380 08 09005

 

Her kan du sjå totaloversikta for Sande kommune sitt resultat.