Vi treng praksisplass for flyktningar - meld inn

Vi treng praksisplass for flyktningar - meld inn

Tre ulike personar i arbeid

Mange flyktningar frå Ukraina treng arbeidspraksis-plass i samband med norskopplæringa/ introduksjonsprogrammet dei går på.

Kan arbeidsplassen din bidra?

 

Deltakarar som er i praksis har rett til introduksjonsstønad. Det vil seie at det er kommunen som betalar løn medan deltakaren er i arbeidspraksis.

Sande kommune har fleire praksisplassar i barnehage og i helse og omsorgssektoren, og dette tilfører arbeidsplassane positive ringverknader. 

Uforpliktande kontaktskjema finn du her

Kvifor skal du tilby praksisplass?

  • Deltakar i praksis kan bidra med arbeidskraft
  • Gir verksemda moglegheit til å rekruttere
  • Det har positiv effekt på arbeidsmiljøet
  • De bidreg til fleire i jobb og eit sosialt berekraftig samfunn

 

Kva forpliktar verksemda seg til?

  • Inkludere deltakaren fagleg og sosialt på arbeidsplassen
  • Motivere deltakar til å lære om norsk arbeidsliv og å snakke norsk
  • Ha ein medarbeidar som hjelper deltakar på arbeidsplassen
  • Gi deltakar ein attest eller referanse til hjelp ved framtidig jobbsøk

 

Kva tilbyr vi verksemda?

  • Dei får ein fast kontaktperson og tett oppfølging på arbeidsplassen
  • Vi kartlegg og matchar rett deltakar til rett arbeidsplass
  • Vi gir god råd og tips til språkfadderane
  • På sikt kan vi hjelpe til med å søke om arbeidsretta tilskot frå Nav

 

Kven er dei som treng praksis?

  • Flyktningar som nyleg har kome til Norge
  • Dei får norskopplæring og deltek i introduksjonsprogrammet
  • Dei er motivert og ønsker å lære

Kontakt

John Fredrik Baade
spesialkonsulent
E-post
Mobil 94 80 21 13