Vi undrar oss over forskjelleg

Vi undrar oss over forskjelleg

Ishender Sande kommune  Kva skjer med vatn når vi har det i frysaren?

Leikekroken (storbarnsavdelinga) ved Haugelia barnehage jobbar dette barnehageåret med dei fire elementa (jord, eld, luft og vatn). Denne månaden jobbar dei med elementet vatn. Målet for denne månaden er å få kjennskap om elementet vatn og få erfaring med å samanlikne, og undre seg over likt og ulikt.

Dei har blant anna laga tankekart om vatn, målt nedbørsmengde, gjort ulike eksperiment og liknande.

Her var det mange ting å stusse i: 

-Undring. Kva skjer med vatn når vi har det i frysaren?

-Kvifor vart det forskjelleg farge?

Vog hanskane med vatn i våt tilstand. Fraus dei. Tok dei opp etter ein dag i frysaren.

Mange ulike variantar som barna synest var veldig morosamt: nokre hadde kryssa fingra, nokre såg ut som froskar osv.

-Undra seg over om isen er tyngre enn vatten.

Vog på nytt.  Resultat: like tungt. Spennande å lære om dette, sa guten på 5 år.

 

Arbeidet er ein del av opplegget som er skissert i årsplanen til Haugelia barnehage (PDF, 4 MB)

og ein del  av realfagsatsinga til Sande kommune - denne gjeld både barnehage og skule.