Om du er på instagram, bruk gjerne hash-taggen #visitalesund eller med @visitalesund, som er namnet på profilen til Destinasjon Sunnmøre & Ålesund. Då vert det enklare for dei å dele det flotte fotoet du har teke.
Hittil har Destinasjon Sunnmøre & Ålesund vore inne og spurt på enkeltpostar når dei kjem over noko dei gjerne vil dele. Dette kjem dei sjølvsagt til å gjere når det gjeld menneske, og born spesielt, som kan identifiserast på bileta. Brukar du likevel hash-taggane på fine naturbilete utan identifiserbare menneske, vil dei tolke det som eit løyve om at dei får lov til å dele vidare.
Les gjerne meir om Destinasjon Sunnmøre & Ålesund her.