Vil du bli meddommar?

Vil du bli meddommar?

Fru JustitiaMeddommarar eller lagrettemedlemmar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjersler i rettsaker. Meddommarar for perioda 2021 - 2024 skal velgast våren 2020, og frist for å melde si interesse er 1. mars.

Kva slags oppgåver har ein meddommar?


Meddommarar er lagrettemedlemmar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjersler i rettsaker. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla ein til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får ein fri frå jobb for å utføre vervet. Om du tapar arbeidsforteneste vert det gitt erstatning for det. 

Verver som meddommar i Søre Sunnmøre Tingrett, Frostating lagmannsrett og Sunnmøre Jordskifterett inneber at du er ein av fleire som skal døme saman med juridiske fagdommarar. Vervet som lagrettemedlem inneber at du saman med andre vil avgjere  skyldspørsmål i straffesaker/jurysaker.

Kven kan verte meddommar?

Utvalga skal ha allsidig samansetning, slik at det best mogleg representerer alle delar av befolkninga. 

Domstollova stiller visse krav til kven som kan velgast til meddommar. Blant anna må du vere over 21 år og under 70 ved valperioda sin start, du må ha stemmerett samt stå innført i folkeregisteret i Sande kommune.

Dei som skal velgast skal også vere alminneleg hederlege samfunnsborgarar som er godt skikka til vervet (ikkje straffedømt). Lova sine generelle krav er at ein meddommar skal ha tilstrekkelege norskkunnnskap og vere personleg egna til oppgava. 

Meir informasjon finn du på domstolane sin heimeside.

Meld di interesse

Dersom du ønskjer å vere meddommar i Sande kommune for perioden 2021 - 2024 kan du registrere di interesse på

postmottak@sande-mr.kommune.no eller på telefon 70026700.

Vi ønsker å høyre frå deg, anten du er ny eller har vore med tidlegare.