Vil du bli ny rådmann i Sande?

Stillinga som rådmann i Sande er ledig.
Vil DU vere med å utvikle Sande kommune i framtida?

Vi søkjer ein tydeleg rådmann med ein tillitsvekkjande leiarstil som vil bidra til vidare utvikling av lokalsamfunnet tufta på kjerneverdiar
som inkludering, likeverd og tryggleik.

Ved sida av administrativ leiing, vil sentrale arbeidsoppgåver vere knytt til å utvikle ein effektiv og serviceorientert kommune som gjev gode tilbod til sine innbyggjarar, og som er ein aktiv utviklingsaktør i ein aktiv region.

 

Sande kommune

er ein kystkommune i Møre og Romsdal med vel 2500 innbyggarar.
Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med omlag 50000 innbyggarar.

Innanfor reisetid på 30-45 min. har ein tilgang til det ein
treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar.

Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre.

Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.

 

Korleis søkjer eg?


Det er Headvisor som saman med Sande kommune skal finne den rette personen for stillinga.

Du kan kontakte ordførar Dag Vaagen tlf. 97196495 eller Jan Tveit tlf. 97539990 hos Headvisor.

Kortfatta søknad med CV vert å sende via

http://www.headvisor.no

innan 29.10.18

 

Velkomen som søkjar!