Vil du vere ferievikar i pleie-og omsorgssektoren?

Vil du vere ferievikar i pleie-og omsorgssektoren?

hender - Klikk for stort bileteIllustrasjon ​​​​​ Pexels

Heile pleie- og omsorgssektoren kan ha bruk for deg til sommaren. Vi treng både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, reinhaldarar, kokk og kjøkkenassistentar og andre som kan hjelpe oss i ferieavviklinga.

Vi vil gjerne ha deg med å dra lasset i sommar. Er du under utdanning innan helse og omsorg er dette ein fin måte å få erfaring med på CV en sin. 

Vi set også pris på om du frå før har tileigna deg viktig kunnskap rundt arbeid i denne sektoren. 

Er du over 18 år og likar å jobbe med menneske er dette kanskje jobben som ventar på deg! 

Søknadsfrist : 30. januar 

Her finn du fleire opplysningar og søknadsskjema