Vil du vere med i barn og unge sin kvardag i oppvekstssektoren i Sande ?

Vil du vere med i barn og unge sin kvardag i oppvekstssektoren i Sande ?

 

Er du den rette for ei av dei ulyste stillingane i barnehage og skule i Sande ? 

Eller vil du bli med i teamet i PPT Sande og Vanylven ?

Vi lyser ut ledige stillingar i barnehage og skule i Sande og håper å få dyktige og engasjerte søkjarar til stillingane.

I tillegg til undervisningsstillingar i skulen og ped.leiarstillingar i barnehage er det ledig følgjande stillingar:

 

Einingsleiar/ rektor på Larsnes oppvekstsenter

Frå 1.5.2019 er det ledig 100% fast stilling som  einingsleiar/rektor ved Larsnes oppvekstsenter. Skulen ligg på Larsnes, som er kommunesenteret i Sande kommune, og er ein barneskule (1.-7.) med om lag 85 elevar. Eininga har grunnskule 1.-7.  og SFO (1.-4.). Der er om lag 15 tilsette. Einingsleiar har økonomi-, personal- og fagansvar for heile eininga. Der ligg ikkje undervisningsplikt til stillinga. Dato for oppstart kan vere fleksibel fram til 1.8.18. Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og  samlande leiar som evnar å få det beste ut av sine  medarbeidarar og målrette arbeidet til beste for elevane. Søkjaren må ha erfaring frå grunnskule, og pedagogisk utdanning, gjerne også leiarutdanning/rektorutdanning og/eller leiarerfaring. Vi legg vekt på haldningar, evne til samarbeid internt og eksternt, og det å vere motiverande, utviklingsorientert, resultatorientert og handlekraftig. Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb i eit  kreativt og utviklande miljø gjennomsyra av  kvalitetstenking.

 

Ledig stilling i PPT for Sande og Vanylven. 

PPT har hovudkontor på Larsnes, og avd.kontor på Fiskå.  Kommunane har lagt godt til rette for ei funksjonell  PP-teneste. Sande kommune er vertskommune for tenesta. Frå 1. mai eller så snart det let seg gjere, er det ledig  80% stilling (fast) som PP-rådgjevar ved PP-kontoret for Sande og Vanylven (med eit visst atterhald om  organisatoriske endringar). 

Du finn meir om dei ledige stillingane her.