Vil du vere med i Ungdomsrådet?

Det skal vere val av nye medlemmar til ungdomsrådet i Sande.

Dei som skal site i ungdomsrådet må vere
- over ungdomsskulealder
- i alderen 16-20 år

 
 
Det skal veljast
to nye medlemmar som skal representere Gurskøydelen av Sande
og
ein ny medlem som skal representere Kvamsøy og Sandsøy.

Kan du tenkje deg å vere medlem i rådet?
Ta kontakt med kulturkontoret på telefon 70026700 innan 10.09.18

Valet vert på Rådhuset i Sande måndag 17.09.18 kl 17.30

Kven har stemmerett?
Det er ungdommar på Gurskøydelen som kan velje sine representantar, og ungdomar frå Kvamsøy og Sandsøy som skal velje sin representant.