Vil du vere med på trening?

Klikk for stort bilete

Ønsker du å bli sterkare  og stødigare? Kan du gå utan ganghjelpemiddel inne?

Dette er kanskje tilbodet for deg

«Sterk og stødig» er eit gruppetilbod for seniorar der hovudfokuset er styrke- og balansetrening. Treninga føregår sittande på stol, ståande og gåande, med muligheit til å støtte seg på stolryggen. Treninga vert leia av kvalifiserte frivillige instruktørar frå Larsnes helselag i samarbeid med fysioterapeut.

 

Stad: Hallen, Larsnes oppvekstsenter

Tidspunkt: Kvar måndag kl 14-15

Tilbodet er gratis, inga påmelding.

Ta med klede som er lette å bevege seg i, innesko, drikkeflaske og godt humør.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Kristine Rein / Kristina Meinseth – tlf: 70026613