Vil vi ha det triveleg og reint i nærmijløet vårt?

Vil vi ha det triveleg og reint i nærmijløet vårt?

Ryddeaksjon 2019 - foto SSR

Vil du vere med å gjere ein innsats for nærmiljøet vårt?

Tek du utfordringa og blir med på årets ryddeaksjon? 

Fredag 3.mai

er siste dag for innmelding av ryddeaksjonar der vi kan avtale at SSR hentar avfall som vi ryddar vekk frå naturen vår.

Les meir her på Søre Sunnmøre reinhaldsverk korleis du går fram i arbeidet.

Du får sekkar, skjema og hanskar på Rådhuset i Sande.

Teknisk sjef har også i år utlyst ein premie som blir trekt ut blant dei som har henta utstyr og registrert seg på på Rådhuset i Sande. 

Nedanfor finn du askjonar som er innmelde tidlegare:

24/4: Fløstranda, Jentespeidarane i Ulsteinvik
25/4: Storevågen (Skorpa), Naturbruk ved Herøy VGS og Fallgard
27/4: Pilskog/Overå-feltet, Pilskog/Overå Vel
27/4: Holsekerbakken, Holsekerbakken grendelag
27/4: Tjørvåg, 17. mai-komiteen
28/4: Bø og Sande, Bø og Sande Grendalag
4/5: Moltustranda, Moltustrandingen
1/5: Kvamsøya, Kvamsøy Bygde og Næringslag og Kvamsøy Helselag
1/5: Sandsøya og Voksa, Sandsøy og Voksa grendalag og Ungdomslaget
1/5 og 4/5: Brandal, Brandal Vel
4/5: Eiksund, Eiksund bygdelag
4/5: Haugsbygda, Haugsbygda bygdeutvikling

Håper å finne din aksjon på lista!