Vindkraftutbygging - aktuelt i vårt område?

Klikk for stort bilete

Dette temakartet viser eit av områda som NVE har føreslått utpeika som mest eigna område for vindkraft på land.

Sande kommune har motteke høyringsbrev frå Olje- og Energidepartementet om NVE - Norges vassdrags- og
energidirektorat - sitt  forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land.

I brevet som kommunen har motteke (PDF, 124 kB) blir kommunen bede om å kome med uttale på denne høyringa. 
 

Departement, kommuner, fylkeskommuner, fylkesmenn, natur- og friluftsorganisasjonar  og andre blir bede om å kome med sine uttalar. 

Administrasjonen tek sikte på å ha klart eit forslag til politisk handsaming  den 1.juni, slik at uttalen skal nå fristen som er sett - 1.august 2019.