Vintervedlikehald på kommunale vegar og område

Vintervedlikehald på kommunale vegar og område

Br - Klikk for stort bileteVintervedlikehald Sande kommune  Starten på 2021 har vore svært utfordrande når det gjeld mykje snø og brøyting av vegar, fortau, gangfelt, plassar og liknande.

Sande kommune har inngått avtale med lokale entreprenørar for utføring av denne tenesta. Kommunen har 7 brøyteroder med om lag 52 km kommuneveg og i tillegg fortau, gangfelt, plassar mm.

Dei innleigde brøytarane har i januar stått på seint og tidleg for å halde kommunale vegar og  område rydda. Kommunale hovudvegar har førsteprioritet før anna rydding. Ved denne type snøfall vil det ta tid før ein har rydda alle områder. Dette avhengig av om det snør fortløpande over fleire dagar, som tilfelle har vore i år. Då tek det naturleg nok endå lenger tid.

 

Sande kommune er sjølvsagt opptatt av trafikksikkerheita og forholda for andre som ferdast på kommunal grunn. Sidan denne tenesta har ein tendens til å smelte vekk og ikkje skape varige verdiar for kommunen, må vi leve med prinsippet godt nok men likevel vere innafor det som er akseptabelt.

Kostnadar for vintervedlikehald i kommunane er betydelege når vi har vêrforhold som dei siste vekene.  Vonar at innbyggjarane i Sande har forståelse for prinsippet godt nok og at vi prøver å redusere kostnadane med denne tenesta.

Teknisk sjef 

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70