YEEES - det blir "Sommaraktiv Sande"!

YEEES - det blir "Sommaraktiv Sande"!

Sande kommune har fått tilsegn om midlar for å arrangere aktivitetar for born og unge i sommarferien. For dei fleste av oss vert det lite reising i sommarferien også i år, og då kan det vere greitt å ha meiningsfull aktivitet å styre med.

For eit par veker sidan gjekk kommunen ut og inviterte lag og organisasjonar om å vere med å arrangere Sommaraktiv Sande. Kulturskulen var alt godt i gong med planlegging av sin aktivitet, i tillegg kom det inn to søknadar frå Larsnes IL. Det vert eit variert aktivitetsopplegg, med litt for ein kvar smak.

Merk

at dei tre aktivitetane har forsøkt å legge tidene sine slik at den som vil vere med på fleire aktivitetar har moglegheit til det.

 Kulturskulen

har fått med seg Herman Brune Leikanger, og vil arrangere workshop i musikalteater. Herman er nyutdanna frå Bårdar-akademiet, og er spenna klar for å lære vekk sine beste triks.

Hovudmålet med workshopen er å gi deltakarane innblikk i ulike teknikkar innan dans, song og teaterleik som til saman utgjer grunnelementa i ein musikal. Elevane vil gjennom leik og moro få kjennskap til teknikkar, formidling og ulike stilar. Mellom anna er stepping ein av danseteknikkane. Du treng ingen forkunnskap for å delta. Tilbodet er ope for 5.-10. klasse og går føre seg på Landsbyhuset Breidablik i veke 25 og 26. Du kan velje om du vil vere med i berre ei eller i to veker.

 

Påmelding:

Susann Worren Hauge - Kontaktperson Kulturskulen

 

Fotballgruppa i Larsnes IL

vil i veke 26 arrangere aktivitetsveke. Her vert det fotball, volleyball, orientering, og ball i hall. Her er det ope for 5. – 10. klasse, og aktiviteten går føre seg på dagtid i området rundt Larsnes skule.

Det vert servert mat, og veka vert avslutta med fotballturnering på fredagen.

 

 

Påmelding

Helst Spond: kode VARPH
(Eller til heidi.skoge@sande-mr.kommune.no)

 

 

 E-sport gruppa i Larsnes IL -  Sande E-Sport

arrangerer E-sport camp i heile fire veker.

For kvar veke er det to grupper, og eitt spel i kvar gruppe. Vi er så heldige å få låne 12 PCar med Tussa, og vi kan dermed tilby 12 plassar pr. gruppe. Her kan alle frå 3. klasse til 18 år melde seg på. Ein melder seg på ei gruppe i ei veke, men kan melde interesse for å vere med i fleire grupper. Dersom det vert plass vil ein då få tilbod om å delta i fleire av vekene. Det vert servert mat, og det vil vere proffe instruktørar frå Metizport og Volda E-Sport.

Når du melder deg på gir du opp kva spel du ynskjer å lære meir om, så vert det ut i frå påmelding sett opp spel til dei ulike vekene.

 

Påmelding:

https://www.larsnes-il.no/2021/06/sommaraktiv-sande-e-sport-camp/

 

Sommarjobb

Dersom du kan tenke deg å vere med å instruere og følgje opp born og unge ( under leiing av E-sport-instruktør) under E-Sport- campen kan du søkje om å få denne jobben her.

 

Felles for alle aktivitetane er at det er gratis, og at dei er opne for born og unge i Sande kommune. Her er det berre å melde seg på, og gle seg til sommaraktiviteten!

Det er ikkje sett ein endeleg påmeldingsfrist- men det er lurt å melde seg på snarast råd då grupper i dei ulike aktivitetane blir satt opp rundt helga som kjem!