Gode råd til born og ungdom

Gode råd til born og ungdom


Pexels  

Er du uroa for deg sjølv, dine søsken eller ein ven? 

Sande kommune skal vere ein god stad å bu og leve for alle. Alle born har rett til å vere trygge og å ha det dei treng! Dersom du kjenner at du har det vanskeleg - heime, på skulen eller i fritida, eller veit om eit barn eller ein ungdom som ikkje har det bra, er det viktig at du seier ifrå. Å seie i frå kan vere med på å gjere slutt på ein vanskeleg situasjon.

I Sande er det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for, tankar, kjensler og trivsel  - anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Det er lurt å snakke med nokon av desse slik at du kan få hjelp. Nedanfor kan du finne ut kven du kan kontakte og få gode råd.

Desse kan hjelpe deg der du bur

Ein som kan hjelpe

Når du eller nokon du kjenner har det vanskeleg, er det viktig å fortelje det til nokon. Det er mange rundt deg som bryr seg og ynskjer å hjelpe. Ta kontakt med ein du stolar på. Ein slik person kan vere lærar, helsesjukepleiar, fotballtrenar, ein god venn eller nokon i familien. 

Du kan også ta kontakt med nokon av dei som er lista opp under. 

 

Helsesjukepleiar

Sande Helsestasjon
Held til på Nygla i same bygg som legekontoret. Dei gir tenester til born og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, og til gravide. Tlf: 700 26 760. Besøk Helsestasjonsportalen for meir informasjon. 

Helsesjukepleiar i skulen
Helsestasjonen har også helsesjukepleiar til stades ved kvar skule i Sande kommune - du kan ta kontakt med din helsesjukepleiar på din skule eller kome innom på trefftid.

Gursken oppvekstsenter
Sara Fugledal Wiik
E-post: sara.fugledal.wiik@sande-mr.kommune.no 
telefon: 91529730

Larsnes oppvekstsenter 
Birgitte Sundgot Førre
E-post: birgitte.sundgot.forre@sande-mr.kommune.no
Telefon: 90874980

Kvamsøy oppvekstsenter
Birgitte Sundgot Førre
E-post: birgitte.sundgot.forre@sande-mr.kommune.no
Telefon: 90874980

 

 

Helsestasjon for ungdom
Sande kommune tilbyr helsestasjon for ungdom. Vi har ikkje noko formell tid, men du kan avtale med helsesjukepleiar på SMS. Ta gjerne kontakt for ein prat. Vi ynskjer å snakke med deg uansett alvorsgrad på problema. Ingenting er eit for lite problem. I tillegg tilbyr vi prevensjonsrettleiing, testing for seksuelt overførbare sjukdommar, graviditetstesting, samtalar om psykisk og fysisk helse med meir. Vi har også tilgong til lege. 

 

PPT- Pedagogisk psykologisk teneste
Fastlege

Alle personar som er busette i ei norsk kommune har rett til fastlege. Du har rett til å bytte fastlege inn til to gongar pr. kalenderår og du kan ha fastlege i ei anna kommune enn den du bur i. Fastlegen er ansvarleg for å følgje opp pasientane sine i legekontoret si opningstid. Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlegen si opningstid må du kontakte legevakta (116 117). Dersom det står om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga her.

 

Sande legesenter  
Prestegardsvegen 5
6084 Larsnes 

Telefon: 70026750
Telefon legevakt: 116 117

Klikk her for å kome til Sande legesenter si heimeside.

Barnevern

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi born, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldra som har ansvar for å gi borna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre born og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad: volda.kommune.no/barnevern

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå born, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at born og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon: 02800 / 91 57 60 20

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsette for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for, er ulovleg eller ikkje? Då kan du ta kontakt med politiet der du bur. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Herøy og Sande lensmannskontor.
Saunesvegen 10
6065 Ulsteinvik

Telefon: 70 11 87 00
E-post: post.moreogromsdal@politiet.no

Klikk her for å kome til politiets heimeside. 

 

Gode råd til born og unge

Hjelpetelefonar, chattetenester og nettstadar
Hjelpetelefonar, chattetenester og nettstadar
Namn Tilbod Teneste Telefon
Alarmtelefon for born og unge Opplever du vald i heimen, er utsett for overgrep, er redd for tvangsekteskap eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar? Då kan du ta kontakt med alarmtelefonen for born og unge. Du kan også ringje dersom du trur nokon andre barn har det vanskeleg. Telefon, SMS og e-post 116111
Born av rusmisbrukarar Har du ei mor, ein far eller andre nær deg som rusar seg på alkohol eller narkotika? Då kan du nytte deg av chattetilbodet BaRsnakk. Her kan du chatte heilt anonymt om det du har på hjartet. Ingen tema eller spørsmål er feil og du deler kun det du har lyst til. Chat
Kirkens SOS Kirkens SOS er ei døgnopa kriseteneste på telefon og internett. Her er det alltid nokon som tek imot samtalar, 24/7. Du kan også sende melding og chatte. Telefon, SMS og chat 22400040
Kors på halsen Kors på halsen er Røde Kors sitt samtaletilbod til alle opp til 18 år. Du kan ta opp det som er viktig for deg ved å ringje, sende epost eller chatte. Her får du snakke med ein vaksen du kan stole på. Du er anonym og kan fortelje alt. Telefon, chat, epost der du kan diskutere med andre 80033321
Mental helse sin hjelpetelefon Mental helse sin hjelpetelefon er eit felles europeisk hjelpetelefonnummer. Det vil seie at du kan ringje 116 123 i det området du er i og få kontakt med hjelpetelefonen i det landet du oppheld deg i, så lenge du er innanfor EU/EØS land. Dette er ei teneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Telefon 116123
RUStelefonen Du kan få informasjon om rusmiddelproblematikk ved å ringje RUStelefonen. Du kan ta kontakt anonymt via telefon, chat eller spørjeskjema. Du kan ta kontakt enten du er brukar, pårørande eller berre har spørsmål om rus. Telefon, chat og innsending av spørsmål 08588
Røde Kors sin telefon om tvangsekteskap Ein hjelpetelefon som gir informasjon og rettleiing knytt til tema som tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald. Telefon 81555201
Ung.no Ung.no er ein offentleg informasjonskanal for ungdom. Denne kanalen gir informasjon om rettane dine, moglegheitene og pliktene. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 20 år. Nettstad. Kan også sende inn spørsmål
Ungdomstelefonen Dette er telefon-, chat- og meldingstenesta til Skeiv Ungdom, og vert bemanna av unge vaksne mellom 18 og 30 år. Ungdomstelefonen er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn og identitet. Andre tema kan vere kjensler, forelsking og sikker sex. Telefon, SMS og chat 40000777
Vald og overgrepslinja Vald- og overgrepslinja er ei hjelpelinje for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. Du kan få hjelp, råd og svar på spørsmål. Du kan også ta kontakt dersom du har behov for at nokon lyttar til deg. Vi kan hjelpe med å finne fram til andre hjelpetilbod i nærleiken der du bur. Telefon 116006

 

Dine rettar

Barnekonvensjonen er ein internasjonal avtale som gir born og unge eit særskilt menneskerettsvern. Barnekonvensjonen er også kalla borna si eiga grunnlov. Noreg har skrive under barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen gir born eigne rettar, til dømes rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rett er at barn skal verte høyrde i saker som gjeld dei. 

Barnelova (lov om born og foreldre) regulerer mellom anna foreldra sine plikter og ansvar, og borna sine rettar. Les meir om barnelova på ung.no.

 

Har du det vanskeleg i heimen

Har du foreldre som ofte kranglar, som skal skilje seg, eller opplever du vald i heimen? Her er lenker til informasjon og gode råd.

Når foreldra kranglar

Skilsmisse

Drikk mor eller far din for mykje?

Foreldre med psykiske problem? 

Opplever du vald i heimen? 

Nettvett

Nettvett handlar om å vere smart når du er på nett. Anten på mobil, nettbrett eller pc. Både born og vaksne treng å lære om nettvett, slik at vi kan unngå uheldige opplevingar når vi spelar, chatter, delar bilete eller er på leit etter informasjon. 

Har du opplevd krenking på nett og treng hjelp? Ta kontakt med nokon under "desse kan hjelpe". 

Lenker til info og råd om nettvett

Om nettvett - Redd barna

Redd barnas nettvettregler 

Om nettvett - ung.no

Nettvett.no

Gode råd om nettvett - ung.no

Delbart? - politiet

Er det delbart? Sjå film

Slettmeg.no

Retten til eit trygt og god læringsmiljø

Alle born og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Barnehagar og skular har nulltoleranse mot mobbing, krenking, vald, diskriminering og trakasering. Barnehagane og skulane tolererer ikkje baksnakking, isolering, utestenging, hatytringar eller meir indirekte krenkingar. 

Om du opplever miljøet du er i som utrygt, sei ifrå til ein venn,  vaksne i  barnehagen/skulen eller til foreldra dine. Dei vaksne i barnehage og skule har aktivitetsplikt. Det betyr at dei har plikt til å undersøkje og setje i verk tiltak til det  vert betre.

Andre som kan bistå er hjelpetenestene i kommunen som helsesjukepleiar og PPT.

Tilsette i barnehage har og ei aktivitetsplikt.   Det same gjeld tilsette i skulen.

 

Her er andre hjelpesider der du kan finne informasjon:

Få hjelp mot mobbing

Mobbeombodet i Møre og Romsdal 

Du bestemmer om det er mobbing eller ikkje

Kjenner du deg utestengd?

 

 

Kropp og seksualitet

Her finn du gode nettsider og artiklar som omhandlar kropp, identitet og seksualitet. Du finn også informasjon om kva eit seksuelt overgrep er. Dersom du har opplevd dette, må du ta kontakt med nokon du stolar på (link til desse kan du ta kontakt med). 

Lurer du på noko om kropp og sex?

Kva er seksuelle overgrep?

Få hjelp etter seksuelle overgrep